Per Christian Ellefsen
Per Christian vil på ein humoristisk måte snakke om årets tema for Verdensdagen; som handlar om korleis vi brukar tida vår.
22. sep 2019 Mental Helse Fjord

Gi av tida di og du gir glede!

Skodespelar Per Christian Ellefsen, for mange kjent for rolla si som «Elling», kjem sundag 29. september kl 16.00 til Stordalshallen og held foredrag i samband med markeringa av Verdensdagen for psykisk helse.

Han vil snakke om tid, der vi kan le av oss sjølv og alt det rare vi gjer. Saman med oss vil han ta fram korleis det er å vere til stades og sjølvironi gjer livet lettare å leve.

Foredraget hans handlar om årets tema for Verdensdagen for psykisk helse: Gi tid og oppfordrar alle til å bruke tida på å gjere noko som er godt for den psykiske helsa. Tid er verdifullt og mange opplever tidsklemma og mangel på tid. Å vere meir til stades er bra for den psykiske helsa og kontakta med andre vert betre. Det kan vere sårande å «verte valt» bort til fordel for ein mobil, ein dataskjerm eller ei anna oppgåve.

Det vert også innslag av elevar ved kulturskulen.

Alle i nye Fjord kommune og bygdene omkring er hjarteleg velkomne til ei triveleg og humoristisk samling om eit viktig tema. Ta gjerne med deg nokon og kom. Velkommen!

Flere saker fra Mental Helse Fjord