Arne Ruset
Pensjonert psykiater og forfattar Arne Ruset fortalde om korleis det er å vere pårørande til ein med demens.
19. aug 2023 Mental Helse Fjord

Å vere pårørande til ein med demens

På Mental Helse Fjord sitt medlemsmøte som er ope for alle interesserte fortalde pensjonert psykiater og forfattar Arne Ruset om demens. Han begynte med å lese litt frå siste boka si som handlar om å ha demens og korleis det påvirkar dei som er rundt den sjuke.

Han fortalde at forvirring og forveksling er vanleg for demenssjuke. Tidsforskyvingar er det mest vanlege, og det har lita hensikt å prøve å overbevise dei om at dei tek feil. Ofte er det dei næraste som oppdagar ein begynnande demenssjukdom. Pårørande taklar dette ulikt. Somme håper det vil gå over medan andre lagar drama av det. Men dei fleste ber om hjelp. Yngre kan også få sjukdommen. Den yngste på Hjelset (der han arbeidde som psykiater) var ei åleinemor på 46 år med eit barn på 10 år.
Å få diagnosen snur opp ned på livet til både den som er sjuk og dei rundt. Det er uvissa om framtida, for ein kan ikkje seie noko om kor fort sjukdommen vil utvikle seg. Då er det viktig å få hjelp ved å ta opp bekymringar med helsevesenet og fastlegen. Manglande kunnskap om sjukdommen kan gjere at ein trekkjer seg unna, og ein kan også undervurdere den sjuke. Det er lett å tru at dei har mista evna til å tenkje. Han tok også fram kor viktig det er med aktivitetar slik at den sjuke kan komme seg ut, noko som gjer at partnaren kan få tid for seg sjølv.
Ruset fortalde at forskning viser at stimulans kan seinke utviklinga av sjukdommen, og at forskarane meiner at nye hjerneceller kan dannast av stimulans som til dømes med musikkterapi. Det absolutt verste som kan skje, er at den sjuke vert sitjande åleine og ikkje får komme ut eller vert teken med på aktivitetar. Håpet er eit meir demensvennleg samfunn der den sjuke får vere med og bruke hjernen sin. Heller det enn å bruke medikament. Elles tok han fram at det er mange gode hjelpemiddel som kan takast i bruk og nemnde GPS som eit døme. Den gjev den sjuke større friheit til å bevege seg rundt.
Mental Helse Fjord (tidlegare Mental Helse Stordal) har oftast eit aktuelt tema på medlemsmøta sine, og alle (også ikkje-medlemmer) som er interesserte i temaet kan møte. Du kan lese meir om Mental Helse Fjord på Mental Helse si nettside..

Flere saker fra Mental Helse Fjord