Atrieflimmer
Når hjartet rasar av garde.
8. sep 2023 Mental Helse Fjord

Kva er hjarteflimmer/atrieflimmer

Overlege Ole Johan Høyberg vil fortelje om hjarteflimmer/atrieflimmer og svare på spørsmål i møte tysdag 12. september kl. 18:00 på frivilligsentralen i Stordal.

Hjarteflimmer/atrieflimmer er ein hjarterytmeforstyrrelse der anfallet kan vare frå eit par minutt til opptil eit par dagar. Etterkvart vil mange oppleve kronisk atrieflimmer. Det vanlegaste ved anfalla er at hjartet rasar av garde.

Somme merkar ikkje at dei har atrieflimmer, men fastlegen kan oppdage det ved å kjenne på pulsen og ta eit EKG. Atrieflimmer kan auke risikoen for å få hjerneslag, men det fins god førebyggande behandling.

LHL Skodje, Ørskog og Haram og Mental Helse Fjord samarbeider om arrangementet og inviterer alle interesserte hjarteleg velkomne til møtet.

Flere saker fra Mental Helse Fjord