Forfattar og pensjonert psykiater Arne Ruset er oppvoksen i Fjørå og bur i Molde.
2. jun 2023 Mental Helse Fjord

Å leve saman med ein demenssjuk

Forfattar og pensjonert psykiater Arne Ruset vil fortelje om kor utfordrande demenssjukdommen kan vere for pårørande. Møtet er tysdag 13. juni kl. 18:00 på frivilligsentralen i Stordal.

Arne Ruset har skrive fleire diktsamlingar, barnebøker og romanar sidan debyen i 1973. Den siste kom i mars, ein roman som fortel korleis ein dement opplever at verda kring han endrar seg i takt med funksjonssvikten hans. Som spesialist i alderspsykiatri har Ruset arbeidd ved sengeposten og poliklinisk på Hjelset i ei årrekkje. Han reiste også rundt i kommunane og hadde tilsyn i heimar og sjukeheimar.

Møtet er ope for alle interessert. Velkommen!

Flere saker fra Mental Helse Fjord