Ergoterapeut Gry Bente Stranden orienterer
Det skjer på medlemsmøtet tysdag 9. mai, kl.18:00, på frivilligsentralen i Stordal. Møtet er ope for alle interesserte.
Gry Bente vil orientere om kva ein ergoterapeut kan gjere for å tilrettelegge for personar i alle aldersgrupper som på grunn av sjukdom eller skade har eller står i fare for å få funksjonsnedsetting. Nokre stikkord: Funksjonsvurdering – tilrettelegging av omgjevnader – rettleiing – behandling av aktuelle problem – vurdering av behov for hjelpemiddel – råd og rettleiing til andre kommunale instansar.
Ta gjerne med deg nokon. Alle er velkomne til informasjonsmøtet!