Nesaksla
Nesaksla er tilgjengeleg for både fotturistar og dei som vel gondol. Frå restauranten er det storslagen utsikt, og der er kaffi, kaker og lunsj å få kjøpt.
30. jan 2021 Mental Helse Fjord

Vi fyrer opp att

Koronaen dempa på aktivitetane våre i året som gjekk, men vi er optimistiske og ser framover. Heller ikkje koronaen kan vare evig…

I februar skal vi legge planer for aktivitetar i nærmiljøet når snø og is slepper taket. Det vert gjerne kortare og lengre turar i naturen.

Men på arket har vi fleire planer:
For eit par år sidan gjekk fire av oss ein flott tur opp til Rampestreken 550 m.o.h. på Åndalsnes. I mai står Romsdalsgondolen ferdig, ein 4,5 minutt lang gondoltur frå fjorden til Nesaksla 697 m.o.h. Der kan vi rusle rundt og nyte den fantastiske utsikta. I restauranten får vi kjøpe kaffe, kake og lunsj. Det er fin tursti ned til Rampestreken og vidare til fjorden for den som vil gå ned att.
Trandal inne i Hjørundfjorden er også eit spennande reisemål. Programmet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» sådde lyst hos mange til å besøke staden.

Sjølvsagt skal vi også ta vår tradisjonelle tur til Skjåk når hausten kjem, og avslutte 2021 med julebord.

Både operatur og julekonsert måtte vi stryke på lista vår i fjor, men vi satsar på korona-kontroll og nye sjangsar for desse opplevingane.

Vi tek gjerne mot forslag om aktivitetar og tema på medlemsmøta. Før planlegginga i februar vil alle medlemmene verte kontakta på sms og inviterte til å komme med innspel.

Flere saker fra Mental Helse Fjord