Fuglesteg
Husa på Fuglesteg er bygde i stein frå begynnelsen og heilt opp.
18. mar 2019 Mental Helse Fjord

På tur vest for Jostedalsbreen

Vi visste kva som ville koma, Det hadde Jon Slyngstad fortalt sist han vitja oss, men kvar ville han konkret ta oss med og fortelja, det lurte vi på.

Jon «på hjul» starta aust for breen på vestsida av Lustrafjorden der han vitja garden Fuglesteg som vart bygd på 1600-talet. Den ligg meir enn 600 m o.h. Husa er bygd på ein uvanleg måte, stein heilt opp til mønet. Kva kona på garden sa då mannen tok til å lø stein til stovehus, veit ingen i dag. Han må ha høyrt til det tause slaget, han hadde då bore stein i 5 år. Kona kunne heller ikkje vore særs nyskjerrig. Ho skal etter segna ikkje ha spurt.

Han tok oss med til Urnes stavkyrkje frå 1630. Den er ei av dei eldste kyrkjene i landet. Så bar det til fjells inn til vakre Tungestølen som ligg sentralt til i samband med armane til breen. Ferda gjekk vidare nordover langs landevegen nokre stader på gamle vegar på utsida av tunnellar som er komne i staden for rasfarlege og svingete vegar.

Han vitja og den snøbreen som ligg lågast her i landet, 60 m o.h. Så avslutta Jon over Breim, Hornindal, Hjørundfjorden, Festøya og heim.
Vi er svært glade for så mange kjende og ukjende møtte opp for å vere med på turen. Den var interessant og det såg ut til at folk likte seg. (Tekst: Alfhild Midtbust)

Flere saker fra Mental Helse Fjord