Aktivitetar for godt vaksne/eldre
I kommunen vår er det mange aktivitetar der godt vaksne/eldre er målgruppa. Bak tilboda er det ulike aktørar. Det kan vere frivillige organisasjonar åleine eller i samarbeid med kommunen.
I samband med at Mental Helse sette eldre og psykisk helse på dagsorden i 2018 oppmoda fylkeslaget i Møre og Romsdal lokallaga om å kartlegge tilboda som finst for godt vaksne/eldre i og utanfor institusjon i heimkommunen. Vidare gjere dei kjende på lokallaget si nettside. Vi veit at det er viktig for alle menneske å delta på gode møteplassar. Såleis laga lokallaget ei oversikt over tilbod i vår kommune. Ønskjer du å delta, tek du kontakt med organisasjonen eller møter på aktiviteten. Nedafor finn du ei oversikt over aktivitetar i Stordal kommune.
Stordal Nasjonalforening (Helselaget)
har ei aktivitetsgruppe som annankvar veke aktiviserer primært demente. Dei får støtte frå Nasjonalforeninga sentralt av midlar som vart samla inn under TV-aksjonen. Laget arrangerer ei utflukt i nærmiljøet kvart år. I samarbeid med kommunen hadde helselaget kurs for å rekruttere aktivitetsven for demente. Elles er det ein gong i månaden, ti gonger i året, torsdagskafé på Stordalstunet med litt underhaldning, andakt og utlodning. Tilbodet er også for heimebuande.
Stordal bibliotek
har ansvar for organiseringa av leseombud for dei som bur på Stordalstunet. Kvar veke møter frivillige som les og samtalar med bebuarane.
Stordal og Liabygda pensjonistlag
har medlemsmøte kvar månad, ti gonger/år. Dei inviterer til dagstur m/buss i juni, ein femdagars-tur i august og julebord i desember. (Det er inga spesiell tilrettelegging for at dei som bur i institusjon kan delta.)
Mental Helse Stordal
har andre tysdagen i kvar månad møteplass på frivilligsentralen med tema/aktivitetar, unnateke i februar (årsmøte), juli og oktober (Ferie og Verdensdag-markering). Kvar veke gjennom heile året 1- 2 aktivitetar, pr veke: Utflukter som t.d. gåturar, fjellturar, fellesturar på konsertar, revy, teater og kino, bowling, bading på Muritunet, trening på Stordal Treningssenter, julekonsertar, samkome sommaravslutning, grillfest og førjulsfest. (Inga spesiell tilrettelegging for at dei som bur i institusjon kan delta.) Lokallaget held også kurs i ulike tema.
Frivilligsentralen (kommunen)
Herreklubben har møte måndagar og fredagar kl 11.00. Er sjølvdrivande.
Dametreffet har møte tysdagar kl 11.00 og utover.
Vaffeldag kvar tysdag frå kl 11.00 og utover.
Kulturkafé (Honorar til kunstnerisk innslag vert dekt av Den kulturelle sparserstokk) – er om lag ein gong i månaden på Stordalstunet, ca 10 gonger/år. Dette tilbodet er ope for alle og eldrerådet står som vert/programleiar. Sjå oppslag.
Aktivitetane er opne for alle.
Frivilligsentralen ordnar med skyss for dei som treng det for å delta på aktivitetar i kommunen.
Stordal Turlag
arrangerer mange fjellturar der også eldre kan delta.
Felles
Alle organisasjonane ønskjer fleire frivillige velkomne.
(Veit du om fleire tilbod enn det som er skrive ovanfor, ver vennleg, gje tilbakemelding.)