Hotellverten bles i bukkehorn og varsla servering og innslag av historier.
16. nov 2020 Mental Helse Fjord

Julebord på Blåtind

Ein tradisjon kan endrast på og likevel halde fram med å vere tradisjon. Slik er det med julebordet også. I år etter år har vi hatt julebord, og laga det til sjølv. Men det kan og gjerast annleis.

Kvifor ikkje spare seg arbeidet med å stelle til julebord og heller ringe til Blåtind Boutique Hotel og få alt pynta og servert? Som tenkt, så gjort. For å unngå julebord inn i julestria vart det bestemt til første halvdelen av november. Dei fleste av oss er komne i den alderen at vi er glade så lenge snøen og isen held seg borte. Med rundt ti varmegrader i lang tid slapp vi den otten, og kunne reise fram til Blåtind utan isbroddar og nedlesst av mykje ytterklede.

Hotellverten Ole bles i bukkehornet og varsla servering. Til forrett fekk vi servert Clapton-laks, og Ole fortalde historia om Clapton-laksen. For dei som ville vente med julematen til julekvelden, var det hjortegryte og filet å få. Ole hadde mange historier å dele med oss utover kvelden. Sjølv om det var koronaavstand mellom oss, kunne vi ha hyggeleg prat med bordnaboen. I triveleg lag går tida fort, og vi har laga ein vri på julebordtradisjonen.

Flere saker fra Mental Helse Fjord