Formidling
Asbjørg og Brit formidla til oss av det dei lærte på kurset i Konflikthandtering.
15. nov 2020 Mental Helse Fjord

Refleksjonar til nytte

Brit og Asbjørg deltok på kurset i Konflikthandtering som Mental Helse Møre og Romsdal arrangerte. Etter kurset formidla dei av erverva kunnskap til deltakarane på medlemsmøtet i november.

Ovannemnde kurs var på 14 timar og hadde fleire tema som språk og betydninga av det, etikk, styrker i team og planlegging og gjennomføring av ein prosess. Deltakarane, i alt seksten, hadde fleire øvingsoppgåver og fekk mange verkty for å kunne førebygge og handtere konflikter på ein god måte.

På medlemsmøtet vårt (der også ikkje-medlemmer er velkomne), la Brit og Asbjørg særleg vekt på førebygging av konflikter. Dette fordi det ein lærte på kurset kan brukast i vårt daglege liv; det er ikkje berre knytta til organisasjonsarbeid. Deltakarane vart delt i små grupper som arbeidde med fleire refleksjonsoppgåver etter ei kort innføring av Brit og Asbjørg. Svara vart framført i plenum og deltakarane elles kom med innspel. Deltakarane var svært engasjerte og plutseleg var det gått to timar. Vi opplevde at det er nyttig å reflektere over kva vi gjer og korleis vi ordlegg oss. Det kan vere nok til at vi unngår å kommunisere på ein uheldig måte som kan skape konflikter. Takk til Brit og Asbjørg for engasjert og god formidling.

Dette var siste medlemsmøtet i år; det neste møtet vert i mars 2021. Slik som alle tidlegare år, vert årsmøtet halde 2. tysdagen i februar.

Flere saker fra Mental Helse Fjord