Bedringens veg
I turgruppa i Mental Helse Stordal har " vår indre Lars Monsen" roa seg etter sommaren. Men vi har lese at forskning slår fast at utandørs aktivitet i dagslys påverkar produksjon av lykkehormon. Motivert av slik informasjon, snører vi på oss turskoa og dreg innover mot Valldal.
På programmet står Bedringens veg – Betre føre var enn etter snar, tenker vi, og prøver gløyme coronaviruset som herjar rundt oss for ei stund. Vi har ofte møtt mykje folk og stor aktivitet i Valldal, men på denne årstida er her forbausande stille. Turen langs elva Valldøla får vi nyte i eige selskap i fred og ro. Det er ein lett og fin tur – veret er fint og mildt og praten går utan stans. Hausten er over, og nakne, bladlause tre bur seg på vinter og mørketid. Ei lita fin gran i elvekanten kvikkar opp, og minner oss på at jula nærmar seg.
Bedringens veg er vel eigentleg ein tur/retur-tur, men vi går over brua og tilbake på stien mellom campingvogner og spikartelt. Kreative namn var sett på veggar og hagegjerde, slik som Anfield Road, Lyckliga Gatan og Sjelefred. Dessverre såg vi ingen fotballspelar frå Liverpool, og "dom lyckliga " var også forsvunnit, – litt meir usikker på korleis det var med sjelefreden. Beklageleg var det i alle fall at enkelte hevda at både kne og hofter knaka etter turen.
Men no skulle vi gløyme vondter og hygge oss med kaffi og någet attåt. Men nei, kiosken, Muritunet og Sylteormen Bakeri – alt var stengt. Redninga skulle bli ei kafe-krå på SPAR, trudde vi. Ny skuffelse venta. Kråa var oppteken av nokre rustne herrar, og ettersom nærkontakt ikkje er anbefalt, så vende vi om. Men når enden er god, er allting godt, ein telefon frå Bjørg og Torill snudde lukka. På Bunnpris hadde dei oppdaga eit skilt med GRATIS kaffi. Dagen var redda! Ei smilande dame ønska oss velkomne og sa: “Kos dokke!” Og det var nettopp det vi gjorde – med baguettar med reker, ost og skinke eller wienerbrød og bollar, og sjølvsagt gratis kaffi. Fin avslutning på ein kjekk tur. (Fotograf og skribent: Jorunn Vestre)