Ved kokarsteinen.
Fint å fortære nista ved den historiske kokarsteinen som gav namnet til plassen. Bak til høgre skimtar vi Skotet. Firbeinte Leo passar på.
2. nov 2020 Mental Helse Fjord

Fjordvandring

yr.no gjev slik lovnad for tur på Dyrkorn: Høg vasstand – gult nivå. 10 grader +. 0 – 1,2 mm nedbør. Frisk bris 9 m/s. Ergo friskt turver.

Vinterdagen 14. oktober, godt plassert midt i våre tre haustmånader, er passert. Tida har rasa fort inn i siste haustmånaden. Dagens tur er lagt til gamlevegen frå Kokarsteinen og attende. Mang ein gong har vi vandra her og soge inn den fantastiske fjordutsikta. Så er det slik at når vi samlast, vekslar vi litt på kven vi går saman med, pratar litt med alle for ikkje å verte statisk. Både føtene og kjevemusklane vert mosjonert ivrig så turane kan gjerne kallast sosial trim. Temaene spenner over mangt og mykje. Vinden riv med seg noko av praten utan å presse inn ord. Kanskje han meiner det vert nok snakk.

Tilbake ved utgangspunktet er det tid for å ete nista. Nokre av oss elleve turgåarar på to hadde ståande bufet ved vegkroa Kokarsteinen i ly for leikande vind medan andre fann fram sitteunderlaget og sette seg ved den historiske steinen som har gjeve namnet til staden.

Flere saker fra Mental Helse Fjord