Bjørgene
Dei to leiarane av frivilligsentralane i kommunen inviterte til møte med informasjon og diskusjonar.
2. nov 2020 Mental Helse Fjord

Bygdene treng frivillige

Ordførar Eva Hove la i innleiinga si vekt på kor viktig det frivillige arbeidet er, og at det supplerer kommunale tenester. Ho tok også fram at foreningar har sett i gang tiltak som kommunen har teke over delar av.

Vidare sa ho at det mål leggast til rette for dei frivillige sin innsats. Dei må kjenne seg velkomne, og godt samarbeid mellom frivillige og kommunen er viktig. Ho nemnde også at på landsbasis utgjer frivillig arbeid 150.000 årsverk til ein verdi av rundt sytti milliardar kroner.

Leiar for musikkrådet i kommunen, Therese Jemtegård Moen, ville gjerne høyre om det er ønskjeleg å fortsette med musikkråd. Deretter hadde kommunalsjef for oppvekst og kultur, Charles Tøsse, ordet og sa det er viktig med kulturplan for å vise kommunen sitt arbeid og for å søke eksterne midlar. Elles fekk deltakarane utdelt vedtektene og årsmelding 2019 for frivilligsentralane.

Det var dei to leiarane av frivilligsentralane som er lokalisert i Stordal og Valldal, Bjørg Jacobsen og Bjørg Sætren Kleppe, som inviterte alle lag og organisasjonar, frivillige og andre interesserte til møtet. Dette var første frivilligforumet i Fjord kommune, og planen er å invitere til slikt forum kvart år.

Dei frammøtte vart inviterte til idedugnad, der kvart bord utgjorde ei gruppe som utveksla tankar og idear og svara på etterfølgande spørsmål:

  • Kva kan frivillige og kommunen samarbeide om?
  • Treng vi retningslinger/samarbeidsavtaler for godt samarbeid?
  • Kva er viktig for din organisasjon?
  • Tema/innspel/ønske for neste Frivilligforum?

Svara vart levert «Bjørgene» som vil bruke dei i vidare arbeid.

Flere saker fra Mental Helse Fjord