Appelsinrasten
Turvenen, Leo, kika litt forundra på sitrusfrukta, men skiltet på treet set krav.
28. okt 2020 Mental Helse Fjord

Mot Romsdal i solglytt

Etter ruskever kjem det alltid likare ver. På måndagen, turdagen vår, kom varmen tilbake og spanderte på oss heile tretten lune strekar på den raude skalaen.

Etter parkering ved Sportskapellet, tok elleve par føter og ein med fire fatt på vegen mot Romsdalen, nærare bestemt Kjersemfjellet med sætrar, ridesenter og hytter. Fredeleg å vandre på grusvegen med litt snø her og der mellom hjulspora nokre stader, kjenne varmen frå solstrålane mellom rivna skyer. Berre to bilar gjekk vi til sides for.

Vandringa i ope landskap blant låge lauvtre som fortvilt held på haustdrakta enno ei tid før hauststormen slit av dei kleda, fortel at hausten er på hell. Vakkert med små tjern og eit lite langstrakt vatn som gløtter opp frå myra. I kulissene tøyer trolske og taggete fjell seg opp mellom større meir ruvande fjell.

Flere saker fra Mental Helse Fjord