Øvingar
Fysioterapeut Marte lærte oss mange gode øvingar som styrkar kroppen.
16. okt 2020 Mental Helse Fjord

Gode treningstips

På medlemsmøtet i oktober, det første etter nedstenginga av samfunnet 12. mars, hadde vi besøk av fysioterapeut Marte Helseth Hansen. Ho gav oss viktig kunnskap og øvingar for å ta vare på helsa.

Marte er fysioterapeut ved Stordal Fysikalske institutt. Ho tok fram at all trening er viktig. Å vere i god form gjev ein betre kvardag og auka livskvalitet, og ikkje minst gjer treninga at ein klarar seg betre i dagleglivet. Ved intervalltrening kjem ein fort i god form, og det er viktig at ein kjem opp i eit tempo som gjev høg puls. Elles er det slik at utrena opplever stor framgang når dei begynner å trene. I det heile gjer det godt for både kropp og sjel å vere ute i naturen.

Men dette var ikkje eit vanleg medlemsmøte der vi fekk sitje roleg og drikke kaffi/te med noko attåt. Marte ba oss reise oss og sette oss i sving med å gjere mange styrke- og balanseøvingar. Det var mest så det knirka i dei musklane som i lengre tid har levd eit roleg liv i skrotten. Vi tretten gjennomførte øvingane med liv og lyst til mykje latter, og oppdaga at det er forbetringspotensiale i kroppen. Dei mange øvingane Marte lærte oss, kan vi gjere til ein vane å gjennomføre heime, saman med andre, og nokre kan vi legge inn i turane våre. Takk til Marte for gode råd og tips!

Flere saker fra Mental Helse Fjord