Ved Solnørelva
Langs Solnørelva er det fin sti til gapahuken.
15. okt 2020 Mental Helse Fjord

På jakt etter sola

Då Vårherre plasserte fjella i Stordal, la han dei i feil retning. Så når hausten sig på, legg vi turar dit sola er.

Solhungrige køyrde vi utover mot Skodje, parkerte, gjekk vegen oppover forbi golfbana, passerte skilta med Tee, og sette kursen mot Solnørelva. Natterimet kvilde fuktig på golfbana. Vi gjekk i skuggeland med skinande sol i lia over oss og utover mot Skodje. Turen vart sol-bom for oss. Men pytt! Best å få opp tempoet og halde på varmen. Ei motorsag braut gjennom praten vår. Ein mann heldt på med første vedvarmen; han saga ned tre og kappa opp til ved. Vi slo av ein prat med han. Sjølvsagt vart sola omsnakka – slik temaet gjerne er på denne tida av året for oss som bur inne i Stordal.

Flere saker fra Mental Helse Fjord