Nokre av gjengen
Ni av oss tretten som gjekk opp trappa i første etappen av Fosseråsa.
7. okt 2020 Mental Helse Fjord

Mektig og vilt

Når hausten har teke godt tak, vert det stille i travle Geiranger. Vi valde å innta bygda og oppleve litt av den mektige og ville naturen i fred og ro.

I løpet av nokre få timar vert det berre ein liten smakebit vi får oppleve av Geiranger. Vi bestemte oss for å gå første etappe av Fosseråsa. Denne råsa er ein av dei finaste og best tilrettelagde turstiane i Geiranger og går frå sentrum opp til Storsæterfossen. Første etappe enda ved besøkssenteret for verdsarven Vestnorsk fjordlandskap etter 327 steg i jerntrappa langs kvitskumma fossestryk og 90 høgdemeter.

Etter ein rundtur for å sjå på alt som er å kjøpe, inntok vi amfiet og såg film med inntrykk frå verdsarvområdet. Vakre bilde skildra storslagen natur med husdyr, ville dyr og rikt planteliv. Bilde av fråflytta gardar fastklora på berghyller synte livsvilkåra som var. Med mange inntrykk rusla vi inn i utstillinga; såg bl.a. gards- og bruksutstyr, bygningar, opplevde fjordabåten som rugga på bølgene langs fjellsidene, høyrde slaget på boren for å meisle hol for å skyte fjell under vegbygginga, og Knuten – den spesielle vegløysinga der vegen svinga under seg sjølv – alt ei oppleving av livet som var, og korleis dei fann løysingar.

Andre etappe av Fosseråsa frå fjordsenteret og opp til Vesterås tek om lag 45 minutt og har ei stigning på 230 høgdemeter. Vi juksa og brukte bilane opp til restauranten. Medan vi sette til livs eit godt måltid, snakkast vi om tredje etappe av Fosseråsa. Den ber 240 høgdemeter vidare opp på tilrettelagd sti til Storsæterfossen. Der kan ein gå på ein smal sti bak fossen. Det vert tur neste år.

Flere saker fra Mental Helse Fjord