Blid dame med alvorleg bodskap
Verdensdagen for psykisk helse vart markert 22. september på Martin Linge-huset. Journalist Mathilde L. Vinje i Storfjordnytt skreiv om arrangementet og tok bilde. Her kan du lese artikkelen som stod i Storfjordnytt.
Helsesjukepleiar Tale Maria Krohn Engvik heldt foredrag i høve Verdensdagen for psykisk helse, tysdag denne veka.
Kjent som Helsesista har Krohn Engvik jobba med formidling av kunnskap kring emna helse, barn og ungdom i fleire år. Ho er mellom anna foredragshaldar for ungdom og vaksne og har gjeve ut boka «Helsesista #vågåvære».
Spør meir!
Er bodskapet for Verdensdagen i år. Verdensdagen for psykisk helse er ikkje før 10. oktober, men i Fjord vart den markert denne veka. Arrangørar for foredraget på Martin Linge-huset var Fjord kommune i samarbeid med Mental Helse Stordal. Markeringa av dagen har som mål å auke forståinga av eiga psykisk helse i befolkninga og kva som bidreg til god psykisk helse, samt å auke kunnskap og openheit om psykisk helse.
Helsesista har allereie rokke å halde foredrag for ungdomsskuleelevane i kommunen, no er det dei vaksne sin tur. Anna Margrethe Drægebø Moe er dagleg leiar for Mental Helse Stordal, og snakka mellom anna om viktigheita i at slike arrangement vert haldne.
– Målet er jo å skape meir openheit rundt psykisk helse, seier ho.
– Tenk om det kunne verte like naturleg for menneske å seie at ein slit med noko psykisk, som å seie at ein har låkt i hovudet eller ein fot, legg Drægebø Moe til. Ho understrekar vidare kor viktig det er å ha nokon å snakke med.
– Ifølgje Folkehelseinstituttet har det vore ein svært stor auke i psykiske lidingar mellom unge jenter dei siste åra, kan ho fortelje.
Leiaren for Mental Helse Stordal vektlegg at innsikt i psykisk helse kan hindre stigmatisering. Det å vise interesse for andre er eigentleg lett. Og viser ein interesse, så skaper det inkludering.
Einsemd på internett
Tale Maria Krohn Engvik slutta i jobben som helsesøster i skulen i 2017 for å vere saman med dei unge og engasjere seg i internettbruken deira.
– Det heile starta med at eg byrja å bruke snapchat som ein kontaktkanal i skulen, fortalde ho.
– Det var veldig greit, slik fekk eg gitt beskjed til elevane om kor vidt eg var på skulen i dag, eller om eg var i eit møte og liknande, held ho fram.
Så oppdaga Krohn Engvik at elevane trongd det. Dei trong ein vaksen som hadde tid til dei. Ho såg mykje einsemd der inne på internett, og slett ikkje alle var like greie med kvarandre. Tvert om.
– Eg har hatt mange møte med ungdom som seier at dei føler seg åleine. På internett, og elles. Dette er ungdom som nesten aldri snakkar med familien sin, gjerne fordi foreldra sjølve sit med ein mobiltelefon og ikkje ser dei, fortel Tale Maria.
– Mange har mykje kaos i hovudet sitt, og det er eit seksualisert kroppsfokus i samfunnet i dag som på mange måtar er meir markant enn nokon sinne, seier ho.
– Men i dag er rumpefokuset, kroppsfokuset og sjølvkritikken aktuell heilt nede på barneskulenivå. Eg veit om niåringar som googlar korleis dei skal få sixpack på magen, kan Tale Maria Krohn Engvik fortelje.
Tidene endrar seg, og solide menneske som har tid til andre trengst.
Tale Maria brukar humor, snap-filmar, dikt og låg stemme i foredraga sine. Ho er ein av dei som har gått djupt inn i det å ville hjelpe ungdom og vaksne til å takle samfunnet vårt.
Og så har ho eitt ønske.
– Det er vi vaksne som må skreddarsy tilveret til dei unge, meiner Tale Maria.
– Vi kan ikkje kreve at dei skal få det til sjølv, meiner ho.
– Eg ønsker meg at både barnevern, helsesøster, BUP og politietaten skal vere representerte inne i skulen. Det hadde ført til at tilboda låg nærare når ungdomen treng dei, og dermed lågare terskel for dei unge å bli kjent med dei som jobbar i dei ulike etatane, seier Tale Maria.