Smykkekjøp
Ved inngangsdøra freistar vakre smykker. Etter turen rundt til alle steinane i museet vart det smykkehandel.
19. sep 2020 Mental Helse Fjord

Lom – rik på opplevingar

Når ein først er i området, er Lom verd ein stogg. Rusle rundt, sjå på landskapet og bygningar, smake på kulturen. Ei vakker bygd i eit spennande område med tilbod til folk i alle aldrar med ulike interesser.

Under brua i sentrum strekker ei om lag 70 meter lang zipline seg over ville, frådande vassmasser. Vi mangla mot til å ta turen med den. Meir realistisk er det å kome att og gå på Galdhøpiggen som kneiser saman med Glittertind og fleire andre av dei høgste fjella våre i området rundt.

Mindre anstrengande å besøke Fossheim steinsenter – eit geologisk museum. Oppleving å vandre rundt og sjå på titusenvis av mineralar og steinar. Sjå kor mykje vakkert som ligg gøymt fjella i landet vårt og verda elles. Noregs nasjonalstein, Tuelitten, smiler til oss med sine vakre fargar. Skal det skrivast om alt som er å oppleve, vert det uendeleg mykje. Difor vert det nemnt ein bitte liten smakebit i denne artikkelen.

Flere saker fra Mental Helse Fjord