Ved fangsten.
Litt slitne og våte, men glade, samla nokre av oss seg ved det raude gullet.
18. sep 2020 Mental Helse Fjord

Tytebæret oppaa tuva voks utav ei liti von

Klart vi må på bærskogstur. Jakte på dei raude bæra som lyser mot oss frå grøne lynget, sanke av naturens rike gåver, høyre lyden av bær som trillar friskt i bøtta. Ein tradisjon.

Vi var elleve denne gongen som slo oss i lag i bærskogen. Veret var ikkje heilt som vi ønska, men pytt – kva gjer det. Å vandre rundt i skogen og plukke bær er opplevelse av ro og fred i samspel med naturen. Triveleg å bøye seg ned, høyre dei raude bæra rope på plukking, sanke det raude gullet frå tue etter tue, sjå det veks i spannet. Kjenne på gleda av kva bæra skal gje av matglede utover hausten og vinteren.

Flere saker fra Mental Helse Fjord