Verdensdagen for psykisk helse. Tema 2020: Spør meir!
I år vert det to arrangement på Martin Lingehuset, eitt for ungdomsskuleelevane kl. 12.00 og eitt ope møte kl. 18.00, begge tysdag 22. september. Helsesista vil halde foredrag over årets tema: Spør meir! og kor viktig det er får den psykiske helsa.
Alle har behov for å verte sett. Det gjev ein følelse av å høyre til og vere viktig. Å tilhøyre er grunnleggande for god psykisk helse. Dei fleste av oss set pris på å verte spurt om kven vi er, korleis vi har det, og kva vi likar å drive med. Nokre gonger treng vi og ønskjer meir interesse. Med vennleg nysgjerrigheit overfor andre kan du bidra til at personen vert sett, og oppdage nye sider ved deg sjølv ved å spørje og lytte. Fordi ein måte å vise interesse på, er å spørje meir.
La oss bruke av tida i 2020 til å vise vennleg interesse for kvarandre. God psykisk helse startar med gode relasjonar. Dei vert bygt over tid og gjennom fellesskap, openheit, respekt og ved å vere nysgjerrig. Dette kan skje på jobben, i nabolaget, mellom venner, familie eller til og med tilfeldige medpassasjerar. Du kan lese meir om temaet her: https://verdensdagen.no/
Seinare vil det verte sett opp oppslag rundt om i kommunen og komme omtale av arrangementet og annonse i Storfjordnytt, samt utlegging på facebook.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Mental Helse Stordal og Fjord kommune. Tilskot frå lag og organisasjonar gjer det mogeleg å gjennomføre arrangementet. Lengre nede i artikkelen finn du sponsorane.
Set av dagen til det opne møtet som vil vare ca. ein time. Alle er hjarteleg velkomne!