God sommar!
Vi har allereie kome nokre dagar ut i juli. Som vanleg tek vi fri denne månaden og ladar batteria til nye aktivitetar.
I august er vi i gang att, og spelar veret på lag med oss, vert det mange turar i nærmiljøet og i andre kommunar frå tidleg i august. Det vert lagt ut plan for aktivitetane i august og alle medlemmene får sms om planene. Som vanleg får du som medlem sms framfor kvar aktivitet. Ta vare på deg sjølv og dei rundt deg ved å fortsette å bruke dei gode vanane du har innarbeidd for å unngå koronaen.
Vi ønskjer dykk alle retteleg fine sommardagar og ser fram til å møtast att!