Pynten
Blæretangen i bordpynten står i stil med menyen - begge er gåver havet byr på. Blomstrane er av raudhyll. Saft og sylte kan lagast av raudhyllbæra.
28. jun 2020 Mental Helse Fjord

Sommarfest

Ein av tradisjonane våre er å ha sommarfest før vi tek ferie. Menyen er heimelaga fiskesuppe.

Den fine hamna vår er rette kulissa når fiskesuppe står på menyen, men i fjor måtte vi redde pynten, tallerkane og bestikket før vinden (utrøna) feia alt på sjøen. Vi bles bokstaveleg tala inn på frivilligsentralen. Ingen ønskjer reprise av evakueringa.

Heite 30 grader i skuggen, endå varmare i sola og med utrøna som samlar seg ute på Stordalsvika og går til angrep på fastlandet i femtida, er valet lett. Festen vart lagt til frivilligsentralen utan motforestilling. Kjekt å samlast att til triveleg prat over nydeleg mat ved fint pynta bord. I økta mellom fiskesuppa og kakene nytta somme av oss 20 som deltok, høvet til å strekke føtene utandørs i finveret. For ein dag – for ein ettermiddag – sommarfesten går inn i historia når vi går heim.

Flere saker fra Mental Helse Fjord