Pause ved fjorden
To- og firbeinte tek ein kvil i sentrum, dei har mykje kjekt i lag. Damene som var på tur denne dagen, var Jorunn Vestre, Arna Øvrebust, Anna Margrethe Drægebø Moe, Marit Abelvik, Karen Hove, Brit Skjelten, Bjørg Hjelmseth, Grete Øvrebust og Anne Grete Støle, Den flotte og solide turvennen på fire bein heiter Leo.
26. jun 2020 Mental Helse Fjord

Smilande gjeng på bygdarunde

Journalist Mathilde L. Vinje i Storfjordnytt var med oss på ein bygdarunde. Her kan du sjå bildet og lese artikkelen som stod i Storfjordnytt.

Utrygt for regn og skodde over fjella hindra ikkje Mental Helse i Stordal å gå bygdarunden sin, måndag i førre veke. – Nei, godt er det som regel å kome seg ut uansett, seier ei strålande engasjert Anna Margrethe Drægebø Moe, leiar for Mental Helse Stordal.
Leiaren er god på å varsle medlemmane om små og større arrangement i førekant. Det gjer det lettare for folk å få vite om turane og å førebu seg.

Takksame deltakarar
Bygdarunden går frå Øvrebust bru, via elveforbygginga til Kvammen bru, før ein passerar den spesielle, gamle Rosekyrkja, skulen i bygda, Røbbane og gjer så gjerne ein stopp i hamna. – Og der tek vi oss i blant ein rast om vêret tillet det. Mat og kaffi kan det godt bli då, fortel Drægebø Moe.

Det er ikkje berre lokalt at laget deler fine stunder i lag. Dei tek kortare og lengre turar, fleire av medlemmane er opptekne av få sagt at dette rett og slett er deira sjanse til å kome seg ut av tunet sitt. – Eg har berre godt å seie om Mental Helse, kjem det frå ei av dei. – Det var ikkje uvant for meg å gå turar frå før, eg har gjort det saman med familie i mange år, legg ho til. – Men det er noko med desse kvardagane. Sjølv om ein har både vener og familie rundt om, så får ein gjerne ein del tid til overs og det er jaggu lett å berre bli gåande og trakke heime, held kvinna fram. – Då er Mental Helse sine arrangement eit ypparleg tilbod, meiner ho.

Mange kommentarar frå dei andre i turfølgjet fortel ein at dei er svært einige. Noko medlemmane og synest er så bra er at i dette selskapet vert ein oppmoda, men noko plikt føler ein ikkje. – Nei, er ein ikkje heilt i form ein dag eller det er anna som stoppar ein så er det heilt legitimt å ta det att neste gong, understrekar gjengen.
Trivsel er ein viktig ingrediens i slike samlingar.

Innhaldsrikt
– Tenk kor mykje vi har fått vere med på allereie, kjem det frå ei. – Ja, gjett. Hugsar de operaopplevingane vi har hatt, gliser ei anna.
Mental Helse Stordal har hatt mange utflukter, og meir blir det. Turar til Kilsti, Storvatnet, Langsætrane og Kvanndalen. Tyttebærturar i skog og mark. Operabesøk i Ålesund, Nordfjordeid og Kristiansund. Gjengen likar seg til lands, men og til vanns. – Fleire turar med Hurtigruten har det blitt på oss, smiler ei og minnest kjekke dagar. – Så har vi julebord, og vi arrangerer sommaravslutningar. Ein gong i månaden er det medlemsmøte, då er det ulikt tema frå gong til gong, legg Anna Margrethe Drægebø Moe til.

Tysdag førre veke var det besøk hos Borgund kyrkje i Ålesund som stod for tur. – Ja, då skal Kari prest vise oss rundt i den gamle, ærverdige kyrkja, fortel Drægebø Moe engasjert. – Vi gler oss veldig til det, legg ho til før gjengen seier takk for i dag og går kvar til sitt.

Flere saker fra Mental Helse Fjord