Strålebrot over Synnylvsfjorden
Strålebrot over Synnylvsfjorden
3. jun 2020 Mental Helse Fjord

Aktivitetsplan juni

Planen for juni klar. Det kan skje endringar i planen. Som vanleg vil det verte sendt sms til alle medlemmene framfor kvar aktivitet.

Måndag 8. juni:
Bygderunden som går frå Øvrebust bru kl. 11.00 – elveforbygninga til Kvammen bru – Gamlekyrkja – skulen – Røbbane – hamna -elveforbygninga til Øvrebust. Du kan henge deg på undervegs på turen.

Tysdag 9. juni:
Tur til Borgund kyrkje og Borgundgavlen. Kari-prest vil syne oss rundt i kyrkja og fortelje om den. Kanskje vert det orgelmusikk også. Deretter ruslar vi rundt i Borgundgavlen og dei som vil kjøper seg mat/kaffi. Vi reiser frå Stordal kl. 10.45.

Måndag 15. juni:
Bygderunden som går frå Øvrebust bru kl. 11.00 – elveforbygninga til Kvammen bru – Gamlekyrkja – skulen – Røbbane – hamna -elveforbygninga til Øvrebust. Du kan henge deg på undervegs på turen.

Torsdag 18. juni:
Tur rundt Synnalandsvatnet. Turen tek 1 ½ – 2 timar i vanleg turtempo. Frå Stordal kl. 10.00.

Måndag 22. juni:
Kokarsteinen – Dyrkorn – retur. Frå Stordal kl. 11.00.

Tysdag 25. juni:
Vi samlast i Stordalshallen kl. 17.00 til sommarfest med fiskesuppe og kake/kaffi/te.

Flere saker fra Mental Helse Fjord