Storelva
Heldige oss, som har fin og vekslande natur å vandre i.
31. mai 2020 Mental Helse Fjord

Aktivitetar framover

Planen er å opne frivilligsentralen for vanleg drift frå 1. september. Vi legg opp til turar framover, og dei vert gjennomført der vi følgjer råd frå folkehelseinstituttet og kommunen om smittevern.

Aktivitetane framover og utover sommaren/hausten vert delt i to: Lettare turar i nærmiljøet og litt meir krevjande turar. I tillegg er planen å invitere til sommarfest med fiskesuppe i juni på grendasalen i Stordalshallen.

Dei lette turane vert på måndagane frå kl. 11.00, og er: Bygderunden som går frå Øvrebust bru – elveforbygninga til Kvammen bru – Gamlekyrkja – skulen – Røbbane – hamna -elveforbygninga til Øvrebust. I staden for bygderunden vil det verte desse turane: Borgundgavlen med besøk i Borgund kyrkje (Kari-Prest vil vere med), Elvestien på Sjøholt, Bedringens veg i Valldal, Atlanterhavsparken, Vestresætra, Seljebotn – Langsætrane, Alnes fyr og opplevelsesenter og tur frå Kokarsteinen til Dyrkorn.

Dei litt meir krevjande turane vert på tysdagane annankvar veke frå kl. 10.00, og er: Synnalandsvatnet rundt, Muldalen, Kilsti, Postvegen Hellesylt og Ruggå. I tillegg skal vi på tyttebærtur til Skjåk i september. Kanskje tek vi ein tur til Kjersemsætra og rir.

Detaljplan vil verte laga for kvar månad og lagt ut på nettet. Alle medlemmene vil få melding på sms. For juni vil planen verte lagt ut i veke 23.

Flere saker fra Mental Helse Fjord