Kari-prest
Svært kjekt å treffe Kari-prest på tur saman med mannen. Triveleg å snakkast om både før og no. (Foto: Jorunn Vestre)
27. mai 2020 Mental Helse Fjord

Gausnestoppen a pied

Åra sidan kraftlinja ut til Gausneset var bygt, begynner å verte mange. Att ligg ein brei og fin grusveg gjennom gamal furuskog til glede for mange ein vandrar.

Ein gjeng tok laust frå Valbøen med bra tempo. Så ber det oppover ein bakke, over ei lita flate og igjen ein bakke. Føtene flytter seg meir motvillig og pusten går tyngre. Kjennest meir ut som ein tur til Gaustadtoppen. (Skrivaren var ikkje med på turen, men byggjer forteljinga på nokre stikkord). Plutseleg dukkar det opp eit medlem i fin joggestil på veg nedover. Spreka har allereie vore på toppen. Snakk om morgon-energi! Ein stopp med ein hyggeleg prat kallar fram ny energi. Godt å verte løyst frå Korona-fangenskapet i mai-vinterveka; suge inn smaken av vår under kvelvande blå himmel.

Mange er samla på Gausnestoppen; dei vandrar rundt og nyt utsikta. Så er det slik, at på fjelltur vert alle kjentfolk, praten går lett om mangt og mykje. I hyggeleg prat kjem det fram at turgåarane er frå byen i den nye kommunen Ålesund, dei er på Stikk-ut-tur. Tankar vert utveksla om den nye stor-kommunen og i iveren kan det lett ende med spennande politiske synspunkt. Blant turgåarane var Kari-prest. Det utløyste stor gjensynsglede; begynner å verte ei tid sidan ho var prest inne i fjorden.

Flere saker fra Mental Helse Fjord