Stogg på turen
Vi stoggar og slår av ein prat med Judit om dyrking av nyttevekastar.
26. mai 2020 Mental Helse Fjord

Kortare skuggar - lengre dagar

Almanakken seier at sola klatrar høgare på himmelen. Skuggane er beviset. Vi kastar kortare og kortare skuggar for kvar gong vi er på tur. Ikkje fordi vi minkar.

Sprita i termometeret har krøpe oppover i røret, tøyer seg mot høgare mål. Varmen har kome. Fjellet synest lei av snø, slepper snøskavl etter snøskavl frå seg, sender snøen utfor fjellskrentane. Somme kasta seg lik fossar over fjellkanten, brummar og bråkar, stuper ned i juva, rasar rundt, riv med seg stein og jord. Andre bles seg opp, fyller lufta med enormt kvitt snøgøv, lagar eit sjog av lyd, roar seg, legg seg stilt på flata ved elva. Orkar ikkje meir.

Vi brukar god tid på vekas bygdarunde, stoggar og slår av ein prat med Judith. Ho har kassar utan botn i ulike storleikar med jord plassert på plena. Smart løysing. I den eine skal det vere poter, ramslauk er planta i ein anna, og det skal vere ulike urter i hine. Ved huset har ho også blåbærbusk. Vi får vite at den ber mykje blåbær. – Til hausten kan vi smake på bæra. – Greitt å utveksle idear og lære av kvarandre.

Flere saker fra Mental Helse Fjord