Turen
Vi la turen gjennom byggefeltet nedst i Røbbane og ned til hovudvegen. Bakken opp lia kan vente til seinare. I dag skal vi bruke pusten til prating, ikkje til bakkekliving.
19. mai 2020 Mental Helse Fjord

Ein smak av vår på tampen av våren

Etter over ein veke med snøver og snø, dukka sola og varmen opp 18. mai, kvite bøar vart effektivt omgjort til grøne. Nedbørsfri tysdag og 7,5 varmegrader – alt ligg til rette for ein triveleg bygdarunde.

Endeleg kunne vi samlast att etter letten på korona-restriksjonane. Som vanleg hengde fleire og fleire seg på turen undervegs. Etter to månader hadde vi åtte vandrarane mykje å snakke om, og det vart nedsett tempo og mange stogg denne dagen for å slå av ein prat. Triveleg å møtast att på tur.

Flere saker fra Mental Helse Fjord