Tordis Urke
Tordis formidla nokre av dikta sine til oss.
17. jan 2020 Mental Helse Fjord

Ein kveld med poesi

Til første møtet på nyåret inviterte vi Tordis Urke som tidlegare har budd og arbeidd i Stordal. Ho skriv dikt, og vi ønskte høyre henne fortelje og lese nokre av dikta sine.

Bestefaren hennar budde på Blomberg, også kalla Holten; ein nedlagt fjellgard ca. 450 moh med utruleg vakker utsikt innover Geirangerfjorden. Han skreiv dikt. Diktargenet vart ført vidare gjennom dotra hans til Tordis som fortalde at ho var familiediktar og skreiv dikt til bursdagar, konfirmasjonar og bryllup.

I 2000 miste Tordis eldste sonen og brukte skrivinga som terapi og skreiv «Sorg» som ho delte med oss. Ho brukte gå tur langs Storelva som strekkjer seg framover dalen. På vandringane slo ei erle seg saman med henne og følgde henne frå tre til tre. Dei «veksla» tankar undervegs; det ga inspirasjon til det kjenslevare diktet «Erla». Niesa Renate tonesette diktet og song det inn. Til songen som du finn på YouTube er det lagt inn bilde frå området ved Storelva. Her er linken:
https://www.youtube.com/results?search_query=erla+renate+lade

Dikta Tordis delte med oss, formidlar ulike faser livet byr på, sorg og glede. «Diamant» handlar om rikdommen barnebarna er. I «Kvilesteinen» er det tankar om styrken og gleda av turar i skog og mark gjev. Diktet sluttar med verset der ho har sett seg på kvilesteinen:
Stega vil bli langt lettare på den bratte sti
etter at du gav meg kvile her hjå deg.
Eg let att auga og syntes han kviskra stilt.
Du kan alltid finne kvile på hella her hjå meg.

Tordis avslutta med diktet «Handa hans far»; eit dikt mor hennar skreiv om far sin. Her formidla mora av minna om faren som døydde då ho berre var fire år gammal.

Flere saker fra Mental Helse Fjord