Fokhauglia.
Glimt frå vårt vakre turområde på Langsætrane. (Foto: Irene Sundholm)
9. jan 2020 Mental Helse Fjord

Aktivitetar i januar

Godt nyttår! Så er vi i gang att med nokre av dei faste vinteraktivitetane.

Planene for januar:
Onsdagane: Bading i 34 grader varmt vatn på Muritunet. Gruppe 1: Kl. 16.00 – 17.30 og Gruppe 2: Kl. 17.45 – 19.15. Første badedag er onsdag 15.
Måndagane og torsdagane kl 11.00 – 12.00 møtest vi på Stordal Treningssenter. Du kan komme tidlegare og vere der lengre eller trene til andre tider dersom det passar betre. Kr 160 pr månad som du betaler til treningssenteret.

Tysdag 14: Medlemsmøte på frivilligsentralen. Tidlegare banksjef, Tordis Urke, kjem og vil bl.a. lese eigne dikt. Møtet er ope for alle, også for dei som ikkje er medlemmer.

I tillegg kan det skje at vi finn ein interessant film å sjå og reiser på kino. Då vert det sendt melding til medlemmene.

Som vanleg, vil alle medlemmene få kort informasjon på sms framfor kvar aktivitet, slik at de kan melde dykk på. Dette gjeld ikkje badinga og treningssenteret. Har du som les dette, lyst til å verte medlem og delta – ta kontakt med oss.

Flere saker fra Mental Helse Fjord