Bordsete
Triveleg at heile 40 medlemmer og andre deltok på førjulsfesten som vi alltid har andre tysdagen i desember.
14. des 2019 Mental Helse Fjord

Triveleg førjulsfest

I år er det niande gongen medlemmene og andre interesserte vert invitert til førjulsfest andre tysdagen i desember. I løpet av desse åra har det også vorte bygt nye tradisjonar.

Godt å sparke snøen av skoa, kjenne varmen innandørs og verte møtt med gløgg, peparkake og steikte dadlar rulla inn i baconskive, helse på kjente og praten er i gang. I insterommet er bordet innbydande pynta med lys, lykter, julekuler og sypress. Denne gongen er vi førti til bords, ny rekord på førjulsfesten.

Den gode praten fyller rommet, men vert avbroten av Anna Margrethe som seier nokre velkomstord. før vi tonar i med den vakre songen frå 14 – 1500-talet, «Ei krubbe er vogga» som kan brukast både til jul og påske. I år som i fjor spelar Astrid gitar og er forsongar. Valborg framførte diktet «Pensjonistvask» (av Jostein Kvithaug) om han som tok bensinstasjonen sitt tilbod om pensjonistvask med 50 % prisavslag på ordet – nytta det til personleg hygiene. Skildringa av korleis pensjonisten opplevde bilvasken på eigen kropp kalla fram latteren titt og ofte.

Som vanleg har vi ikkje typisk julemat, men serverer både kald og varm mat til glede for både gane og auge. Mykje godt å velje i og smake på. Det viktigaste programmet er den gode praten som fyller rommet også medan maten vert sett til livs.

Eystein kåserte om juletreet; korleis skikken breidde om seg og om ulike syn på juletreet før juletreet vart vanleg i heimane. Han tok også fram den nyttige sida; toppen av treet kunne brukast til kokereiskapet tvore.

Vi er om lag midt i adventstida, og det høver godt å synge «Tenn lys» som har vorte den mest populære adventssalmen. Salmen som opphaveleg er ein latinsk julesalme frå 1700-talet, vart brukt i Barne-TV-programmet Portvegen 2. I mellomtida er dessert og kaker sette fram. Brit har bursdag. Kjekt å få gratulerte henne med «Hurra for deg som fyller år» etterfølgt av klappsalve for jubilanten. Når vi har fest, skal det lagast mat, pyntast, serverast, underhaldast, ryddast, vaskast opp m m. Tusen takk til alle medlemmene som hjelpte til.

Med triveleg prat og god mat renn tida fort av stad, og tid for heimveg kjem. Vi avslutta festen med salmen «Heilage Natt. Stille Natt» skriven av ein ung hjelpeprest i Austerrike. Salmen vart ein kulturskatt i Austerrike; der er bygt mange små museum til minne om korleis salmen som vart sunge første gongen julaftan 1818, vart til.

Flere saker fra Mental Helse Fjord