På Klevbergsetra i 2011.
Vi var ein tur opp på Klevbergsætra i Liabygda. På bilde frå 2011 er vi på Klevberg i Verdsarvområdet og ser over til Stranda.
17. nov 2019 Mental Helse Fjord

Mimrekveld

Tilbakeblikk på tida som var, med mimring og utveksling av tankar rundt det vi gjorde saman, kalla fram mange gode minne på siste medlemsmøtet.

Lokallaget vårt feira 10-årsjubileum i 2016. På festen hadde vi ein bildekavalkade med glimt frå dei fleste aktivitetane vi hadde dei første ti åra. Denne kvelden såg vi kavalkaden og brukte god tid på mimring om kvart bilde. Bilda synte stor aktivitet – Vi var på svært mange turar innover viddene og høgt til fjells i tillegg til mange andre aktivitetar.

Tida spring av garde og lokallaget vårt vert snart femten år, og det er på tide å henge på kavalkaden fem nye år med bilde frå gode opplevingar.

Flere saker fra Mental Helse Fjord