Ved langbordet
Etter bussturen fram på gjennom bygda til Langsætrane hadde vi middag.
23. okt 2019 Mental Helse Fjord

Kjekt med nabobesøk

Endeleg klaffa alt og vi kunne invitere Sykkylven, Stranda og Rauma hit til Stordal. Planen var at dei skulle besøke oss i fjor, men tid og ver hindra oss.

Etter ei reise smakar det alltid godt med noko «innfor tanna» når ein kjem fram, så vi stod klar med kaffi, sveler og vaflar. Praten gjekk lett mellom gamle kjente og nye som har kome til. Gledeleg var det at tjueein utanbygds kom i tillegg til elleve stordalingar.

Oktober er ein luremånad, men denne dagen slo godveret til for fullt, korkje snø eller glatt. Vi samla dei utanbygds gjestane i ein buss og tok dei med på reise framover bygda til Øvre Stordal, Langsætrane. Bjørnar Midtbust var guide og fortalde om viktige stader i bygda og song eit par songar knytta til det han fortalde. Vi enda på Langsætrane og fekk også sjå inn i Andersselet, som er teke vare på slik det var då setra var i bruk. Så er det slik i Stordalen, at nede i bygda er sol mangelvare på denne tida av året, men på Langsætrane held ho stand. Såleis dreg mange stordalingar som har hytte, fram på fjellet for å kjenne på solstrålane.

Elles bussa vi vidare opp i hyttefeltet i Fokhauglia, der store fritidsbustader fyller heile lia. Derifrå såg vi ned på dei to vakre sæterområda, Pusken og Kvislane. Etter bussturen samlast vi ved langbordet til middag og kaffi med kaker og frukt. Vi er i nynorskland, og det passa godt med Martha Schumann sin «Samlesong». Så er det slik at når vi kjem saman, er det kjekt å snakkast; praten gjekk lysteleg rundt langbordet. Alt kjekt har ein ende, og etter kvart vart det oppbrot og heimreise. Vi takkar alle gjestane for triveleg besøk.

Flere saker fra Mental Helse Fjord