I Molde
Molde - her kjem vi.
18. okt 2019 Mental Helse Fjord

Sunnmøringar i Rosenes by

Berre ein times køyring og ein triveleg ferjetur unna ligg vår vakre romsdalsby, Molde. Butikkane og det meste vi har bruk for ligg langs Storgata og på Roseby. – Ein grei by å ta handlerunde i.

Som vanleg er det berre damer på handleturar, der vi blar i klede, prøver og diskuterer. Fantastisk fint haustver la ei god ramme rundt dagen. Tydeleg at frosten er nær, parkvesenet jobbar med nedtapping av fontena i sentrumsparken ved Moldeelva. Anda står att og ventar på våren og vatnet. Ho lyt slå seg til ro med vassbruset frå elva tett ved. Dei vakre blomande rundt fontena heng med «hovudet. Sola sender sine varme og lune strålar, og vi opnar jakkene optimistiske. Men i skuggane kjenner vi anna temperatur.

Alltid triveleg å rusle rundt og nyte dagen i Rosenes by. Til bytur høyrer det med å ta seg ein matbit saman, og vi enda på Egon, fekk ein plass for sju. Etter noko studering av menyen, slo fantasien seg vrang og alle bestilte same maten. Mest som ein farsott, men maten smakte godt.

På turen attende til ferja vart det ny butikkrunde før vi let att lommebøkene og reiste over fjorden tilbake til Vestnes og tok ein liten butikksveip der som punktum.

Flere saker fra Mental Helse Fjord