Per Christian Ellefsen
Per Christian Ellefsen kalla fram både latter og ettertanke med si varme og allsidige formidlingsevne.
15. okt 2019 Mental Helse Fjord

Gi tid! - Godt for helsa

For tolvte gong markerte vi Verdensdagen for psykisk helse med ope møte. Denne gongen var temaet «Gi tid» som er svært aktuelt i vår travle kvardag. Vi skal rekke alt mogeleg til same tid. Somme tider har vi det så travelt at vi har ikkje tid til å vere der vi er.

Målet for kampanjen i år er å oppfordre oss alle til å bruke tida på å gjere ting som er godt for den psykiske helsa. «Gi tid» er første tema under paraplyen «Oppmerksomhet og tilstedeværelse» som skal gjelde for 2019 – 2021.

Dagen i Stordal vart også markert med Verdensdagflagget som er grønt med kvit sommarfugl. MH Ålesund saman med nabolokallag har fått flagget designa av Verdensdagkontoret og finansiert av Sparebanken Møre. Med flagget vert Sunnmøre farga grønt.

Elev ved kulturskulen, Josef Nedregård, fenga publikum med si imponerande framføring av to stykke på piano. Skodespelar Per Christian Ellefsen for mange kjent for karakteren «Elling» i filmserien bygt på Ingvar Ambjørnsen sine bøker, fekk deretter ordet. Med bakgrunn i eigne erfaringar, både privat og på scena reiser Per Christian landet rundt og held foredrag. Han tok utgangspunkt i Elling, korleis han strevar med å takle kvardagen og veksla mellom å fortelje og lese utdrag frå eine boka om Elling. På ein varm og roleg måte formidla han dei ulike karakterane slik at publikum både lo så tårene trilla og gjorde seg ettertankar. Per Christian fekk med seg heimestrikka vottar og ein plakat med ord og uttrykk på stordalsdialekt. Det kalla fram latter i salen då han prøvde å lese frå plakaten.

Markeringa var eit samarbeid mellom Mental Helse, frivilligsentralen og biblioteket. Takk til Sparebanken Møre og kulturbyggingsfondet i Fjord kommune for støtta til arrangementet. (Foto: Bjørg Jacobsen)

Flere saker fra Mental Helse Fjord