Vestresætra
Vi skal til Arna si hytte på Vestresætra med denne utruleg flotte utsikta.
30. sep 2019 Mental Helse Fjord

Aktivitetar i oktober

Straks er vi inne i den andre haustmånaden med vakre, varme fargar. Fjelltoppane har begynt å verte kvite og snøen kjem lengre og lengre ned i liene. Vi har laga plan for aktivitetar i den tiande månaden. Under kalenderen på nettsida vår finn du fleire opplysningar om kvar aktivitet.

Nedanfor finn du aktivitetane oktober:
Måndag 07: Tur til Vestresætra
Måndag 14: Moldetur
Laurdag 19: Vi har invitert MH Sykkylven, MH Stranda og MH Rauma til samvær med oss.
Måndag 28: Dyrkorn – Kokarsteinen
Torsdag 31: Styremøte/kurs.

Som vanleg, vil alle medlemmene få sms med kort informasjon framfor kvar aktivitet som skal gjennomførast. Det kan diverre skje at ein må avlyse ein aktivitet av ulike årsaker. Turane i skog og mark er veravhengige.

Dersom det vert lageleg ver, arrangerer vi tur til Kilsti på kort varsel. (Turen vart avlyst 30.09. pga dårleg ver.)

Ikkje medlemmer er også velkomne til å delta. Dersom det er kostnader, er det ein pris for medlemmene medan ikkje-medlemmer betalar full pris for aktiviteten.

Flere saker fra Mental Helse Fjord