MS Nordlys
Etter nokre timar inne i fjorden forlet vi Urke og Øye gøymt av skugge. Keisar Wilhelm av Tyskland segla ofte på denne fjorden.
7. okt 2019 Mental Helse Fjord

Seglas mellom høgreiste fjell

Morgontreg sol, himmel rein for skyer, positiv gradstokk. Forventningsfulle bussar femten frå Sjøholt til Ålesund by. MS Nordlys legg til kaia, vi er om bord. Hurtigruta kastar loss, set kursen mot storslagne Hjørundfjorden.

Vi seglar mot eit landskap med botn meir enn 400 meter under sjøoverflata og ruvande fjell som strekkjer seg opp mot 1600 meter over sjøflata. Så sig vi inn i tjukk skodde; grå ull pakkar seg rundt skipet, men vi kompenserer med ivrig prat. Av og til rivnar skodda og fjelltoppane strekkjer seg lik nunatakar opp av det grått teppet. Ein av besetninga set oss i gang med å strikke lappar til ullpledd.

Tre signal frå båten bryt stilla, skipet legg seg i ro, sjaluppen fraktar passasjerar som vil oppleve blant anna vakre Øye inne i fjordbukta med Union Hotell som reklamerer med spøkelse, i land på Urke. Vi femten på tur vert om bord, nyt koldtbordet lenge og vel. Skodda letnar litt etter litt. Sola kastar trolske skuggar. Nokre av mannskapet øver på firing av livbåt frå daviten.

På returen pendlar vi frå side til side i skipet for å få med oss både vestsida og austsida av fjorden. Her ser vi korleis istidene har grave og forma fjellsidene ulikt. På austsida går fjellsidene stupbratte ned i fjorden der få stader har plass for busetnad. Unntaket er Trandal der den 10. festivalen skal gå av stabelen i 2020 på Christian Gaard. Elles møter auga opprivne fjellsider med stor gjøl, der rasa sopar ned gjennom året. Vi passerer gjølet Molaupen der fonner tok livet av sju menneske i 1971. Det heile begynte med at nokre menn leitte etter nokre bukkar i terrenget ved Molaupen.

Fjella på vestsida av fjorden er slakkare og fleire busetningar har funne seg plass der terrenget er lageleg med farbare langstrakte dalarmar. Mellom Festøy og Indre Standal strekkjer ein veg seg langs fjorden. Vegen går til Ørsta. Hurtigruta sig roleg forbi grender og einskildgardar som vart bygt av flittige hender.

Ved enden av Hjørundfjorden legg vi bak oss dei blåsvarte fjella med skuggeverknader frå stup og juv; der kvasse tindar, spir og taggar reiser seg mot blå himmel som bakteppe og gjev mektig inntrykk. Vi seglar inn i mjukare landskap på siste etappe tilbake til utgangspunktet vårt, Ålesund.

Flere saker fra Mental Helse Fjord