Valborg Haugen
Valborg skapte engasjement , og det kom gode innspel om mange aktuelle saker.
19. sep 2019 Mental Helse Fjord

Engasjerande tema

På septembermøtet var temaet Tvang og psykisk helse. Innleiingsvis orienterte leiar Anna Margrethe om at Mental Helse arbeider for redusert og rett bruk av tvang, og at det var temaet på Mental Helse sin konferanse i mars i år.

Vidare tok ho fram at ei ny lov kalla Tvangsbegrensningslova er ute på høyring. Lovforslaget innber at fleire lover som omhandlar tvang vert oppheva og samla i det nye lovforslaget.

Valborg Haugen deltok på konferanse i mars og orienterte frå den. Vidare delte ho erfaringar frå eige arbeidsliv. Ho har jobba i voksenpsykiatrien på sjukehuset, i hovudsak på lukka avdeling, og i ambulerande team.

Emnet engasjerte og det var mange gode innspel og meiningsutvekslingar om nedskjeringane i Helse Møre og Romsdal som førte til nedlegging av Sjøholt DPS og ambulerande team der. Det kom fram bekymringar over at det kan vere vanskeleg å få hjelp når ein treng det, og lågterskeltilbod der kommunane skal ha tilsett psykolog i 2020 vil vere viktig. Men det vart reist tvil om det er utdanna nok psykologar til å fylle alle stillingane ein ønskjer i kommunane. Helsesøstra har ein viktig funksjon, og Helsesista har synt korleis ein kan gjere det ved å vere tilgjengeleg på nett. Teieplikta kan skape vanskar i somme høve når ein skal hjelpe menneske som slit. Det viktige tre-årige prosjektet med medisinfritt tilbod på Vegsund som går mot slutten vart også omtala. Mange medisinar har store biverknader, og det er viktig å redusere medisinbruken. Elles kom ein inn på tryggleiken brukaren har ved at det er brukarstyrt seng når ein treng det.

Vi var også innom aktivitetane vi har i lokallaget vårt. Turane vi tek i lag, er med på å halde oss ved like og førebyggje – godt folkehelsearbeid – og ikkje minst, turane ute i naturen i triveleg fellesskap gjer godt for både kropp og sjel.

Flere saker fra Mental Helse Fjord