Mot Langsætrane
Fjelltoppane er pynta med kvite kalottar. Vårherre har funne fram fargepaletten og har begynt å gulne graset.
11. sep 2019 Mental Helse Fjord

Hurra for hausten!

Ein sommar er over. På terskelen står hausten rein og klår. Vårherre finn fram målarpaletten og begynner med varlege små strøk av gult og raudbrunt på myrane. Fjelltoppane er pynta med kvit kalott.

Det riv i turføtene til glade vandrarar. Vi samlast ved Seljebotnbrua. Herifrå er det fin turveg i mildt landskap heilt til Langsætrane. Vinterstid er det oppkøyrt løype på strekninga og ivrige turfolk tek fram skia og nyt turen.

På høgre sida svingar Storelva seg, somme stader litt lystig, andre stader roar ho seg ned, tek eit par kvileskjer før ho utolmodig jagar vidare. Elva skvaldrar ivrig og blandar seg inn i samtalen vår. Ho vil verte lytta til.

Vi vandrar i Øvre Stordal som har vorte eit friluftsområde for dei mange som har skaffa seg hytte i området eller berre likar å bruke naturen. På strekninga mot Langsætrane ligg det hytter både litt opp i lia og nede på flatene. Skisenteret kviler no og klargjer seg til vintersesongen. Vi passerer gapahukar, langt framme augnar vi den nye hyttebyen i Fokkhauglia. Pratar og traskar vidare mot målet – Karen si hytte på Langsætrane der ho ventar med traktering.

Flere saker fra Mental Helse Fjord