Josætra
Godt for både sjel og kropp å gå tur i vårt vakre landskap.
9. sep 2019 Mental Helse Fjord

Aktivitetar i september

Vi har teke eit godt steg inn i første haustmånaden og lagt planer for aktivitetar framover. Du finn dei under kalenderen på nettsida vår der det også står fleire opplysningar om kvar aktivitet.

Nedanfor finn du aktivitetane i resten av september:
Måndag 09: Gåtur frå Seljebotn til Langsætrane
Tysdag 10: Medlemsmøte med tema
Måndag 16: Tur til Vestresætra
Onsdag 25: Hurtigrutetur med M/S Nordlys til Hjørundfjorden
Sundag 29: Markering av Verdensdagen for psykisk helse
Måndag 30: Tur til Kilstisætra

Som vanleg, vil alle medlemmene få sms med kort informasjon framfor kvar aktivitet som vert gjennomført. Det kan diverre skje at ein må avlyse ein aktivitet av ulike årsaker.Turane i skog og mark er veravhengige. Ikkje medlemmer er også velkomne til å delta. Dersom det er kostnader, er det ein pris for medlemmene medan ikkje-medlemmer betalar full pris for aktiviteten.

Flere saker fra Mental Helse Fjord