Gjengen.
Turgleda er på topp i fint landskap.
5. mar 2023 Mental Helse Fjord

På med turskoa og dra opp hetta

Det kribla godt i føtene, og årets første tur vart på siste dagen i vintermånaden.

Kokarsteinen er eit fint utgangspunkt for å labbe på gamlevegen innover til Dyrkorn. Vekslande ver er vi vande med, så det er berre å dra opp hetta og verne hovudet og frisyren mot litt sno og luftvæte. Lenge sidan vi var i lag på tur, og mykje å snakke om. Stoppa vart mange, tema endå fleire, og ei tid var vi nesten fastlimt på vegen nærast som statuar.

Av og til glei auga over landskapet, mot fjell over fjorden kledd i kvite hjelmrestar på toppen, strødd med snøflekkar i avsolte skar og holer øvst i liene. Vi traska vidare langs fjorden innover til perla Dyrkorn. Ei kvild for sjel og kropp å ferdast i slikt landskap.

Vi hadde ikkje gamlevegen åleine. Trefte på to tobeinte og ein firbeint som også naut formiddagsstunda. Sjølvsagt måtte vi pratast før returen til Kokarsteinen. (Foto: Ingebjørg og Anna Margrethe)

Flere saker fra Mental Helse Fjord