Medan vi ventar på våren kan vi glede oss over ein fin tur vi hadde i Vaksvika.
28. feb 2023 Mental Helse Fjord

Fram med turskoa i februar og mars

Vergudane er i ustadig lune, men vi er optimistar, trur på betre ver og legg turplan i nærmiljøet.

Kan hende vi er som lerka når ho finn ei tue fri for snø og trur på vår med ein einaste gong. I alle fall, vi laga ei turplan for februar og mars; den vart sendt på sms til alle medlemmene. I lokalmiljøet er det mange aktivitetar, og lokallaget har bading på Muritunet kvar onsdag, samt torsdagstreff på frivilligsentralen torsdagane. Etter vurdering flytta styret turdagen frå måndag til tysdag i februar og mars.

Turplanen vårt vart slik:
28.02: Kokarsteinen – Dyrkorn t/r
07.03: Valbøen – gå oppover mot Gausnestoppen
21.03: Elveforbygninga i Stordal
28.03: Valle – Storfjord Hotell t/r

Ligg det snø der vi skal gå, finn vi på noko anna. I alle fall er det kjekt å møtast att og vandre i lag.

Flere saker fra Mental Helse Fjord