Årsmøtet 2023 vel i hamn
Tradisjonen tru hadde lokallaget årsmøtet sitt andre tysdagen i februar, og som vanleg med godt frammøte.
Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og kontituerte møtet. Ingen hadde merknad til innkallinga og saksliste, og Ingrid Løset vart valt til møteleiar med Anna Margrethe som sekretær. Dei tok sete, og møteleiar fortsette med dagens agenda. Kirsten Ludvigsen og Inger Dyb Søvik vart valt til å signere årsmøteprotokollen, Jorunn Vestre og Else Vinje vart teljekorps.
Styreleiar referert den fyldige årsmeldinga som dokumenterte stor aktivitet, og det vart opna for spørsmål før årsmeldinga vart godkjent. Deretter gjekk styreleiar og kassar gjekk gjennom rekneskapen som viste driftsutgifter på kr 126.354 og inntekter som budsjettert, opna for spørsmål og kommentarar, før rekneskapen vart godkjent. Etter vedtektene er fast post på årsmøtet honorar/godtgjersle til styret. Det har styret aldri hatt, og innstilte på at det ikkje skal betalast honorar; noko årsmøtet slutta seg til. Elles vart retningslinjer for valkomiteen vedtekne, og årsmøtet tok til vitande at lokallaget må følgje vedtektene og endre namnet til Mental Helse Fjord. Styret sitt framlegg til handlingsplan og retningsgjevande budsjett vart gjennomgått av styreleiar før det vart opna for debatt, og årsmøtet vedtok framlegga slik dei låg føre.
Etter ei matøkt var det tid for siste post på agendaen, val. Leiar i valkomiteen, Brit Skjelten, orienterte om arbeidet i valkomiteen og la fram forslaget deira.
Det nye styret fekk slik samansetjing:
Anna Margrethe Drægebø Moe – leiar
Jorunn Vestre – kasserar
Torill Sandvik og Marit Abelvik – styremedlemmer
Ingebjørg Vestre og Arna Øvrebust – varamedlemmer
Elles vart det valt delegatar med varamedlemmer til fylkesårsmøtet laurdag 22. april, val av valkomite (Brit Skjelten – leiar, Else Vinje og Ann Elise Dyrkorn) og revisorar (Reidun Torpe Langhaug og Thorbjørn Hove). Til slutt hadde organisasjonsrådgjevar Sølvi Hagen ordet og orienterte om fylkeslaget og organisasjonen, og svara på spørsmål. Ho fortalde at dette er det siste årsmøtet ho deltek på før ho pensjonerer seg.