Årets første medlemsmøte
Vi begynte på han att 10. januar og som vanleg var vi samla på frivilligsentralen.
Så er igjen eit år tilbakelagt, og det er berre å komme i gang med planene for det nye året. 18. januar begynner vi med badinga i varmt vatn på Muritunet att. Tradisjonen tru skal vi ha årsmøte andre tysdagen i februar som fell på den 14. Alle medlemmene har fått sms og plakat er hengt opp på butikkane om årsmøtet med saksliste og frister i tillegg til at det er lagt ut på nettsida og delt på facebook. Arbeidet med årsmøtesakene er i gang, og valkomiteen har begynt arbeidet sitt. Arbeidet er i rute.
Når snøen og isen dreg seg tilbake, vil vi begynne med turane att. Vi var ikkje så mange på medlemsmøtet denne gongen, med svært triveleg å møtast att. Vi hadde mykje å prate om og latteren sat laust. Når vi har fått lagt bak oss årsmøtet, begynner planlegginga av aktivitetane framover.