Årsmøte 14. februar - saksliste og fristar
Årsmøtet i Mental Helse Stordal vert halde tysdag 14. februar kl. 18:00 på frivilligsentralen.
Sakslista ligg nedanfor. Alle medlemmer får sms om årsmøtet. Ønskjer du å sende inn saker til årsmøtet, må du sende dei innan 23. januar til stordal@mentalhelse.no eller som brev til Mental Helse Stordal c/o Anna Margrethe Drægebø Moe, Stordalsvegen 1073, 6250 Stordal. To veker før årsmøtet er sakslista med saker og innstilling tilgjengeleg for medlemmene. Du får sms om det.
Medlemmene vil få sms om at dei kan sende inn forslag til valkomiteen innan ein gitt frist om forslag til leiar, eitt styremedlem og to varamedlemmer i styret, valkomite og delegatar til fylkesårsmøte. Leiar i valkomiteen er Brit Skjelten, tlf. 996 08 019 og e-post bskjelten@gmail.com.
Noverande styre:
Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe – på val
Kasserar Jorunn Vestre – ikkje på val
Styremedlem Torill Sandvik – på val
Styremedlem Marit Abelvik – ikkje på val
Varamedlem Arna Øvrebust – på val
Varamedlem Ingebjørg Vestre – på val
Noverande valkomite:
Leiar Brit Skjelten – på val
Ann Elise Dyrkorn – på val
Else Vinje – på val
Vi ønskjer alle Godt nyttår, og ser fram til vidare godt samarbeid i året vi går inn i.