Medverknadsorgan på nyttig opplæring
Fylkeskommunen inviterte alle råda for personar med funksjonsnedsettingar til konferanse i Ålesund i november.
For råda er det viktig å auke kunnskapen om sakene dei skal arbeide med, samt treffast og bygge nettverk for kontakt og utveksling av idear og erfaringar. Råda har rett til å uttale seg om alle saker som vedkjem personar med funksjonsnedsetting. Fråsegna deira skal følgje saksdokumenta til det kommunale organet som avgjer saka.
På konferansen blei det teke fram at målet er likestilling og deltaking for alle i samfunnet, der universiell utforming er verktyet. Det krev kontinuerleg arbeid og revurderingar. I arbeidet kan ein oppleve at behova ein skal dekke kolliderer og må kompromisse. Det er viktig å merke seg at teknisk forskrift er minstekrav. Mobbeombodet fortalde at deira oppgåve er å støtte, rettleie og gje råd, og la vekt på kor viktig det er med eit trygt og inkluderande barnehage- og læringsmiljø. Siste tida har deira fokus vore på ufrivillig skulefråver.
Statsforvaltaren var innom reforma «Leve hele livet» og at det er viktig å kjenne seg trygg på å få helsehjelp når behovet er der. Det blei også teke fram at forskning syner at det er samanheng mellom godt arbeidsmiljø og kvaliteten på tenesta som blir utført. Elles var det gjennomgang av aktuelt lovverk og kva eit medverknadsorgan skal gjere.
Rådet for personar med funksjonsnedsettingar i Fjord kommune består av to politikarar og tre representantar frå organisasjonar for personar med nedsette funksjonsevner. Det er også valt varamedlemmer. Sjølv om brukarrepresentantane kjem frå bestemte organisasjonar skal dei arbeide for likestilling og deltaking for alle med funksjonsnedsetting, ikkje berre dei som tilhøyrer eigen organisasjon.