Frivillig arbeid
Frivillighetens år 2022 er over, men det frivillige arbeidet er viktig og held fram. 5. desember er den internasjonale dagen for frivillig arbeid.
27. des 2022 Mental Helse Fjord

Frivilligforum på Blåtind

Fjord kommune v/frivilligsentralane i kommunen inviterte alle frivillige organisasjonar/lag i kommunen til frivilligforum på Blåtind 5. desember som er den internasjonale dagen for frivillig arbeid.

I begynnelsen av møtet var det ein Runde rundt bordet der alle orienterte om laget sitt og aktivitetane dei driv. Det kom fram at det er svært mange ulike og varierte aktivitetstilbod som skaper trivsel, tryggleik og samhald i kommunen vår. Omsnakka vart også at det kan vere tenleg for lag å gå saman om somme arrangement. Vi i Mental Helse Stordal meiner det er svært viktig å delta og få informasjon, samt formidle kva vi arbeider med. Såleis møtte Anna Margrethe, Alfhild og Anne Grete frå lokallaget.

Ordførar Eva Hove orienterte kort om samfunnsdelen i kommuneplanen, og nemnde at under arbeidet med planen vart innbyggjarane invitert til å komme med innspel. Det kom det fram i høyringsrunden at gode møteplassar er viktig. I planen er det nedfelt at frivilligheita er ein viktig ressurs og bidragsytar til å skape det gode lokalsamfunnet. Kommunen skal vidareutvikle det gode livet saman med friviligheita, og vere ein god støttespelar slik at frivilligheita kan nå måla sine. Ho nemnde også at på landsbasis utgjorde det frivillige arbeidet 142.000 årsverk i 2020, noko som tilsvarar 78 milliardar kroner. Eva takka dei frivillige for den store og viktige innsatsen dei legg ned i lokalsamfunnet.

Elles vart det orientert om at det vert arbeidd med kulturplan, der ein vil involvere og synleggjere frivilligheita. Vi vart invitert til å komme med innspel om korleis det kan gjerast.

Kommunen har laga ei nettside kalla opplevfjord.no, og er på facebook og instagram. Det er ei felles plattform for alle. Lag og organisasjonar kan sende inn bilde og ein kort presentasjon av seg og det vert lagt ut på opplevfjord.no og linka til laget/organisasjonen si nettside. Slik kan interesserte gå inn på opplevfjord.no og finne opplysningar om organisasjonar/lag i kommunen. Dvs. gjere frivillige arbeidet i kommunen synleg.

Mot møteslutt var det ein presentasjon av UNG kunst og kultur.

Tips: Gå inn på fjord.kommune.no, finn boksen Planer. Kommuneplanen ligg der. Ta deg gjerne ein kikk på opplevfjord.no også.

Flere saker fra Mental Helse Fjord