Julebord 2022
Kjekt at så mange som 32 kunne delta på julebordet vårt.
24. des 2022 Mental Helse Fjord

Julebord på Blåtind

Det vorte ein god vane å avslutte året med julebord på Blåtind etter vi slutta å lage julebord sjølv på frivilligsentralen.

Som vanleg inviterer vi medlemmer og andre interesserte til å delta, og dette året var vi 32 til bords. Heldigvis var vergudane svært snille med oss og varta opp med fint ver denne siste haustkvelden i 2022. Fantastisk kveld, korkje snø, skarp vind eller glatte vegar. Likevel godt å komme innandørs, treffast og slå av ein prat før vi sessa oss ved fint pynta langbord.

Så gjekk kvelden sin gang med velsmakande tradisjonell julemat spedd med godt prat, underhaldning og allsong utover kvelden. I tunnellane er det vedlikehaldsarbeid, og frå kl. 22.30 vert dei stengt for all ferdsel unnateke utrykning frå naudetatar. Det sette tidsramme for festen vår. Etter hyggeleg samvær avslutta vi som vanleg julebordet med å reise oss og synge “Deilig er jorden”.

Flere saker fra Mental Helse Fjord