Tennfjord Mannskor
Utover heile kvelden hadde Tennfjord Mannskor fleire musikalske innslag. Dei varta også opp med solosong.
5. nov 2022 Mental Helse Fjord

På 30-års jubileum i LHL Skodje/Ørskog/Haram

28. oktober feira lokallaget i LHL sine 30 år og inviterte alle medlemmene til fest på Eidet kulturhus.

Styreleiar Odd-Arne Grande ønskte velkommen og leia festen der omlag 70 gjestar møtte. Han tok eit tilbakeblikk over viktige hendingar i laget si historie. Han nemde bl.a. Marit Longva Heggebakk som var blant gjestane. Ho var med og starta LHL Skodje/Ørskog. Seinare vart det samanslåing med LHL Haram, og laget fekk namnet det har i dag. Etter middag vart det framført helsingar og overrekt gåver, og seinare servert kaker/kaffi. Siv Katrin Ulla frå Ålesund kommune, Nils Espen Lilleheim frå LHL Ålesund, Sula og Giske og Mari Høydal Skare LHL Møre og Romsdal helsa jubilanten med gåve. Mental Helse Stordal deltek på fleire av turane til lokallaget i LHL, og Anna Margrethe Drægebø Moe bar også fram helsing og gåve til vår gode samarbeidspartnar. Gjennom heile festen hadde Tennfjord Mannskor fine musikalske innslag, og varta også opp med solosong.

Vi fekk også helse på to karar som hadde meiningar om mangt og mykje. Utpå kvelden var det tryllekunst også.

Flere saker fra Mental Helse Fjord